søndag 13. mars 2011

Luringen Trym

Tor med Hammaren
Trymskvida er eit norrønt gudedikt som skildrar den morosame soga om jotunen Trym som stjel hammaren til Tor og korleis Tor får den att. Trymskvida kan minne litt om eit folkeeventyr og blir rekna for å vere det eddakvadet med klarast handlingsgong, til tross for at det berre er 32 strofer langt. Skalden er tro mot eddastilen og har ikkje tatt med noko overflødig. Forfattaren er ukjend og alderen på diktet er heller ikkje oppklart.

Trymskvida byrjar med at Tor vaknar og forstår med ein gong at hammaren hans er borte. Han blir rasande. Hos Loke får Tor råd. Så flyr Loke til Jotunheimen, kor Trym venter på ham og seier at han har gjømt hammaren til Tor åtte mil under jorda og at han ikkje kan få den att før han får Frøya som sin hustru. Loke flyr til Åsgård kor han møter Tor og forteljar kven tjuven er. Tor og Loke drar til Frøya for å få henne med til Jotunheimen. Frøya vil ikkje og til slutt må Tor kle seg ut som Frøya slik at Trym ikkje ska sjå forskjell, til tross for at han som ein barsk mann ikkje vil bli samenlikna med ei kvinne. Trym gjør i stand til bryllaupet. Mykje øl og mat blir henta fram og festen byrja. Bruda drakk dessutan enormt mykje. Trellkvinna (Loke) seier at bruda har lengta slik etter ham, at hun ikkje har kunna ete eller drikke på mange dagar. Trym forstår ikkje at ham blir lurt og seier: "Bær inn hammaren, bruda å vie." Så tar Tor hammaren sin og drep Trym og sida heile jotuns ætt. Slik får Tor hammaren sin tilbake.

Bakom disse kvada ligger det mye tankearbeid og kunstnarisk skaparkraft. Det vitnar om ein høg utvikla religiøs og etisk erkjenning. Gjennom kvada kan vi lære om korleis man tenkte, oppfatta livet og prøvde å forklare naturfenomen.

Ein stykk mektig islending

Snorre Sturlason var ein av dei mest sentrale skikkelsane innan Islandsk litteratur og historie. I tillegg var han ein av Islands mektigaste menn på 1200-tallet som høvding, historikar og skald. Av Snorres verk er det to som skil seg ut som særs viktige for islandsk og norsk historie, Heimskringla som omhandlar kongesagaene og den yngre Edda.

Snorre Sturlason (1179-1241)
Snorre vart født i 1179 på Hvamm på Island. Han var av høvdingslekt og i tillegg vaks han opp på garden Odde med dåtidas største høvding på Island, Jon Loptsson. Odde var ein by full av bøker og kultur kvar Snorre lærde å lese og skrive. Då Snorre var fire år døydde faren hans, men han arva ikkje noko.

I 1199 gifta han seg til Herdis Bersesdatter. Tre år seinare døydde far hennar og Snorre fikk både garden og svigerfarens høvdingdømme. Med hjelp av onkelen sin klarte han å få tak i fleire høvdingdømme og garden Reykholt. I 1206 flytta Snorre til Reykholt utan sin kone kvar han budde resten av livet sitt. Snorre fikk fleire barn både med og utan Herdis.

Snorre var glad i makt og pengar. Snorre var også lovsigemann på det islandske Alltinget to gonger. Han var veldig klok og flink med pengar og ble etter kvart den rikaste og mektigaste mannen på Island.

Snorre har også skreve om viktige hendingar innan tidlig norsk historie, også her på Nordmøre. Blant anna slaga ved Solskjel utanfor Tustna er verd å merke seg. J

Fleire detaljar ved Snorre Sturlasons liv: http://www.snl.no/.nbl_biografi/Snorre_Sturlason/utdypning


torsdag 27. januar 2011

Here we go...

Eg som alltid har sagt at blogg er for småjenter og homofile, må no sjå meg slått av norsklæraren min. Blogg er noko eg verken har eller vil ha eit forhold til, men dessverre er eg påtvungen å menge meg med disse tullingane. Eg kan seie med ein gong at eg er flau over meg sjølv. Uansett skal eg prøve å ikkje svartmale opplegget frå første stund, så no når eg først har nedverdiga meg til å opprette ein blogg får eg vel prøve å gjere det beste ut av det.