søndag 13. mars 2011

Ein stykk mektig islending

Snorre Sturlason var ein av dei mest sentrale skikkelsane innan Islandsk litteratur og historie. I tillegg var han ein av Islands mektigaste menn på 1200-tallet som høvding, historikar og skald. Av Snorres verk er det to som skil seg ut som særs viktige for islandsk og norsk historie, Heimskringla som omhandlar kongesagaene og den yngre Edda.

Snorre Sturlason (1179-1241)
Snorre vart født i 1179 på Hvamm på Island. Han var av høvdingslekt og i tillegg vaks han opp på garden Odde med dåtidas største høvding på Island, Jon Loptsson. Odde var ein by full av bøker og kultur kvar Snorre lærde å lese og skrive. Då Snorre var fire år døydde faren hans, men han arva ikkje noko.

I 1199 gifta han seg til Herdis Bersesdatter. Tre år seinare døydde far hennar og Snorre fikk både garden og svigerfarens høvdingdømme. Med hjelp av onkelen sin klarte han å få tak i fleire høvdingdømme og garden Reykholt. I 1206 flytta Snorre til Reykholt utan sin kone kvar han budde resten av livet sitt. Snorre fikk fleire barn både med og utan Herdis.

Snorre var glad i makt og pengar. Snorre var også lovsigemann på det islandske Alltinget to gonger. Han var veldig klok og flink med pengar og ble etter kvart den rikaste og mektigaste mannen på Island.

Snorre har også skreve om viktige hendingar innan tidlig norsk historie, også her på Nordmøre. Blant anna slaga ved Solskjel utanfor Tustna er verd å merke seg. J

Fleire detaljar ved Snorre Sturlasons liv: http://www.snl.no/.nbl_biografi/Snorre_Sturlason/utdypning


1 kommentar: